Tittel: Neutron stars
Veileder: Jens Oluf Andersen
Sammendrag: Det er gjort betrakningar av diverse modellar for tilstandslikninga til ei nøytronstjerne i den relativistiske middelfelt approksimasjonen. Først vert Einstein si feltlikning utleia, deretter vert den anvendt på ei sfærisk-symmetrisk massefordeling. Dette gjev oss eit masse-radius førehald for stjernene i kvar modell. Vidare introduserar me $\sigma - \omega$-modellen, der den sterke kjernekrafta er sett på som ei utveksling av skalar- og vektor-mesonar. Deretter vert skalare sjølv-interaksjonar inkludert for $\sigma$-feltet, samstundes som at $\rho$-mesonet og leptonar vert lagt til høvesvis for å representere ei isospinkraft og for å sikre global ladningsnøytralitet. Til slutt følger diskusjon av eksistensen av hyperonar i nøytronstjerner. Det er observert at til tross for at hyperonar er energimessig umogleg å unngå i nøytronstjerner, så senker dei den øvre teoretiske massegrensa under den største massa målt eksperimentelt til no. Moglege løysingar på dette problemet involverar fråstøytande hyperon-hyperon interaksjonar eller ein faseovergang til kvarkmaterie.