Tittel: Den Cramér-stokastiske modellen for primtala

Veileder: Kristian Seip

Sammendrag: Målet med denne oppgåva er å introdusera Cramér-modellen, og å drøfta om den modellerer primtala på ein rimeleg måte. Motivasjonen bak modellen vert forklart og modellen vert definert. Somme av krava modellar av primtala burde ha vert drøfta, og det vert vist at Cramér-modellen oppfyller desse krava. Vidare nytter vi Cramér-modellen til å utleia tre formodingar som betrar allereie eksisterande resultat. Til slutt vert problem og avvik i Cramér-modellen diskutert, og det vert drøfta om det er mogleg å gjera modellen betre.